MYRNESET

Av Ruth Pedersen, f. Johansen

 

Oppdatert 2015-06-04.

 

Garden Myrneset ligg midtfjords i Ersfjorden på Kvaløya, og plassen har bruksnummer 2 under garden Skamtinden, gardsnummer 19 i tidligare Hillesøy herad.

 

Busetjing gjennom tidene

Med mine 86 år er eg vel den eldste nolevande av dei som har budd på Myrneset. Morfar min var Andreas Hansen, son av Hans Susamel Eriksen frå Rekvika. Morfar var gift med Kristine Lorentsdatter, og far hennes var Lorents Adriansen frå Vasstranda. Han budde på forskjellige plassar, blant anna også ei tid i Rekvika. Den 18. september 1887 gifta besteforeldra mine seg i Hillesøy kyrkje, og då var brura 18 år og brurgommen 30 år. Det første barnet deira var sonen Hans Samuel, som var fødd 2. november 1888. Mor til Andreas Hansen, Sara Marie Andreasdotter døydde i 1888, og enkemannen Hans Susamel, som var knapt 52 år gammal, fann seg snart ei ny kone. Den 10. november 1889 gifta han seg med Maren Tomasdatter og stifta ny familie. Bestefar Andreas såg då ikkje muligheit for å slå seg til i Rekvika og såg seg om etter ein plass der han kunne bygge seg hus og heim. Han for då til Skamtinden til Lars Johnsen og fikk kjøpe Myrneset.

 

Det var mange stader store gardspartar på 1800-talet. Skamtinden strekte seg frå Skamtindsteinen til Revbergneset. Skamtinden hadde trulig hørt til det svære Maursund-godset og var kjøpt derfrå. Myrneset blei heller ikkje nokon liten eigedom. Han strekte seg frå neset straks utafor garden og til midt i Revberget. Eg veit ikkje nøyaktig når tid dei flytta til Myrneset, men det må ha vore omkring 1890: Mor mi, Harda, er den første av barna til besteforeldra mine som er fødd på Myrneset. Det var 10.6.1891. Då hadde dei bygd seg både hus og fjøs og hadde dyr på båsen.

 

 

Bildet er tatt foran huset på Myrneset. Fra venstre: Kristine Hansen, Myrneset, med barnebarnet Ruth Pedersen, Rekvika, på armen, Aslaug Karlsen, Rekvika, foran (tante til Ruth), og Lorents Hansen, Myrneset/Ersfjordbotn (onkel til Ruth). Bildet er  tatt rundt 1919 - 20. Ruth er ikke mer enn 2 - 3 år og ho er født i 1917. Foto: Omreisende fotograf, lånt av Ruth Pedersen, Rekvika.

 

Etter kvart blei det fødd mange born på Myrneset. Av mi slekt var altså mor den første i 1891, og den siste som er fødd der, er sonen min, Hermod Pedersen, den 6.6.1942. Det blei jo fødeheim i Tromsø etter krigen, og folk reiste dit når dei skulle ha barn.

 

Men det hadde budd folk på Myrneset før Andreas Hansen kom dit, men berre for kort tid. Innpå Haugen er det gammetofter, og det hadde vore ein mur av stein etter små hus som hadde stått der, men desse hadde bestefar rydda bort. Eg veit sikkert at Hanna Bertheusdotter frå Bjørnøya og Edvart Jensen, som var frå Håja, budde der ei kort tid. Då eg var barn, hugsar eg vi var innpå Haugen i ei gammetoft som det var ein stor grasgrodd haug attmed. I denne haugen hakka vi og henta blomsterjord. Det skulle vere møkkerdungen etter Hanna, og han var blitt til god blomsterjord.

 

Det blir også sagt at Ane Dorthea Johannesdotter frå Bjørnøya som var gift med Lars Martin Kristiansen frå Malangen har budd der ei tid, for sonen Fredrik Larsen frå Gammelgården skulle vere fødd på Myrneset i 1859. Ane døydde alt i 1862 og Fredrik blei oppfostra hos Nils Tøllefsen som var Ane sin stefar. Hanna, som var Ane Dorthea si dotter, hadde kanskje flytta til Myrneset sia mor hennes hadde budd dei ei kort tid. Men alt land på nordsida i Ersfjorden er jo svært skredfarlig, både for sny- og steinskred, derfor hadde dei første som budde på Myrneset, budd oppå Haugen.

 

Bestemor og bestefar hadde ikkje budd lenge på Myrneset før søster til bestefar, Sesilie og svigerbroren Gerhardt Jensen kom flyttande dit og bygde seg eit lite hus rett ovanfor neset inn mot Haugen. Dei hadde visstnok fjøs òg, for det var nødvendig å ha ku for å ha mjølk i huset. No blei det trivelig - dei hjelpte kvarandre med forskjellig arbeid.

 

Kor lenge Gerhardt og Sesilie budde på Myrneset, veit eg ikkje. Men det yngste barnet deira, Jenvald, var fødd i 1910, og då budde dei i Rekvika. Hans Susamel var blitt gammal, og då var han glad til om nokon ville take over eigedommen og husa. Han og den tredje kona hans, Hansine, fikk vel eit lite kår hos Gerhardt. Det var ikkje mykje alderstrygd og sosialhjelp å få i dei dagar.

 

Skredfare

Då bestefar hadde kjøpt Myrneset, var han først på Sandholmen hos Hans Rasmussen, som hadde budd på Sandholmen sia 1820, og førhørte seg med han om kor han ville råde han til å bygge husa på Myrneset. Han hadde jo sett kor snyskredene brukte å gå. Hans meinte at han kunne bygge på stranda utom Haugen, for i fjellet der oppfor fauk alltid snyen bort, så det la seg ikkje så mykje sny at det gjekk snyskreda. Men både utafor og imellom elvene innom Holman, som vi kalla det, kunne det gå snyskreda. Steinskreda var det ikkje fare for, for fjella og hamrane var så langt unna garden.

 

Nesten kvart år går det snyskreda i lia utom garden, og i store snyår kan skreda gå heilt til fjæra i Røssebåtholla, og det er ikkje langt frå garden - men det blir aldri så store skreder der. Likevel har det hendt minst tre gongar i den tida det budde folk på Myrneset, at det har gått skreda innmed Storelva heilt ned på Halsen, som er inst på marka som bestefar rydda. 

 

Bestefar Andreas som arbeidsmann

Bestefar var sterk og uthalden i arbeid. Forfedrane hans på morsida var jo kjende for styrka si, så han slekta vel på dei. Faren, Hans Susamel, var vel heller ingen kastkjepp. I tillegg til alt det han jobba med på landjorda, så rodde han fiske, heimefiske, men òg på Lofoten med fembøringar og åttringar. Bestefar hadde godt syn, så det var hans jobb å vere halskar. Det var oppvakte folk som blei utsedde til å ha den jobben. Den som var halskar, måtte vere høvedsmannen si høgre hand og seie frå om brott og ureint hav, fluer og fall. Dessutan var bestefar tømmermann, og mange hus i Hillesøy herad har han bygd. Han var også på husbygging i Tromvika og Vengsøya - ja liketil på Grindøya var han og bygde. Om sommaren var han jo borte på bygging, men i høya var han heime. Han hadde stundom også ein dreng til hjelp før ungane blei så store at dei kunne hjelpe til.

 

 

Begravelsen til Andreas Hansen, bestefar til Ruth, i mai 1936. Bildet er tatt utenfor huset på Myrneset med kista helt i forgrunnen. Følgende navn er oppgitt: Gutten foran (litt til venstre i bildet) med lys jakke er  Henrik Johansen, Tromvika (bror til Ruth) og til høyre for han (og litt bak) står Ruth. Videre mot høyre i fremste rekke står Lorents Hansen, Myrneset/Ersfjordbotn (onkel til Ruth), enka Kristine Hansen, Myrneset og Else Halsnes (datter til Kristine og Andreas Hansen og tante til Ruth). I loftvinduet sees tydeligst Aslaug Karlsen, Rekvika (tante til Ruth). Ho var blitt syk, og måtte innlegges på sykehus dagen etter. Foto: Lånt av Ruth Pedersen, Rekvika.

 

Innmarka på Myrneset

Jorda på Myrneset består mest av myr, så det er tatt opp mange meter grøft. Og det som ikkje er myr, består mest av steinete mark, så der er brote opp massevis av stein. Steinen som bestefar braut opp av jorda, murte han opp som gjerde rundt heile innmarka og noko var sett i røyser omkring forutan alt som var trilla i fjæra. Det var ikkje noko latmannsliv å vere bureisar på Myrneset. Alt måtte gjørast med handmakt, spett og spade, trillebåre og bærarbåre, men då måtte ein vere to.

 

Utmarka på Myrneset

Myrneset er omgjeven av mange bratte fjell og hamrar, og det hendte rett som det var at sauer og geiter gjekk seg fast i fjellet, dei hadde gått seg stelt, som vi sa. Då måtte folk gå i tau for å få dei derifrå. Det hendte òg at dei rapte utfor fjellet og slo seg i hel. Dyra har det jo slik at dei går opp, men har ikkje vett til å komme seg ned. Bestefar og far min var meir som ein gong i fjellet og henta ned sauer nesten med livet som innsats. Det skjedde fleire år på rad at ein flokk sauer strauk opp i Sandbakkdalen, og derfrå var det riktig vrident å få dei ned. Nokre gongar måtte lam berast på ryggen for å få dei med seg. Det var inga enkel sak når det var så bratt at du hadde nok med å gå tomreipa. Men far og bestefar klarte dette utrulige slitet og fikk dyra heilskinna ned. No blei alle desse Sandbakkdal-sauene slakta ned etter kvart, og så blei det slutt med desse farefulle sauehentingane.

 

Båten var framkomstmidlet

Framkomstmidlet for Myrneset var båten, det var båten og havet. Om ein ikkje skulle meir enn å postlegge eit brev, så måtte ein ro til Rekvika. I Ersfjorden var det blitt handel, så matvarer blei kjøpt der. I 1920-åra blei det handel også i Rekvika, og om ein hadde ærend med posten, var det greitt å handle der.

 

Familien veks til

Kristine og Andreas blei jo etter kvart ein stor familie. Dei fikk ni barn, og dei trengte meir plass, så bestefar bygde eit nytt og større hus. Dei hadde ikkje budd så lenge i det nye huset før naturkreftene slapp laus med ein veldig orkan frå nordvest. Det var 28. april 1915. Alle hus blei gjort stor skade på. Der stod jo att hus endå etter Gerhardt Jensen, og dei blei også øydelagde. Men det var å gå på med godt mot etter øydeleggingane. Og no blei huset gjort endå større, og det blei lagt stein på taket. Før 1915 hadde det vore torvtak. Som sagt, familien var blitt større. Mor hadde for det meste vore heime og hjelpt foreldra, søstrene hennes reiste tidlig bort og gifta seg. I 1915 gifta også mor seg med Rudolf Johansen frå Spirvika på andre sida av Ersfjorden, og dei blei buande på Myrneset i lag med bestemor og bestefar. Mor og far fikk fem born som vaks opp og budde på Myrneset til 1945. Morbror Lorents budde òg det i same huset og hadde tre barn. Det var i den tida alltid tre familier under same tak. No var alt som kunne leggast opp til innmark, utnytta, og det var blitt mange dyr i fjøsen.

 

Utmarksslåtte og høyonna

Når all innmarka var blitt utnytta, måtte ekstra fôr hentast frå utmarka, og heldigvis var det graslier frå Myrnesosen og heilt til Revberget. All denne utslåtta trengte dei ikkje sjølve, så folk frå Ersfjorden fikk komme å hauste seg fôr i Myrneslian. Nokre hadde faste lier som dei hausta. Det var Johannalia, Larsenlia, Kristian Iversalia og så bortetter. Men det var jo svært arbeidskrevjande å hauste i utmarka. Det skulle slåast, rakast, stappast i høynøter, trillast til fjæra og førast heim i båt. Så var det å losse av båten heime i støa, bere noko på ryggen og noko på bærarbåre til hesjene, trekke graset ut av nøtene og så til slutt skulle graset kjemmast og hesjast. Tørrhøy blei alltid lagt i bører og borne på ryggen på høylemmen. Der var det nokon som tok unna og rista høyet ned i høystålet eller stappa det på plass på lemmen. Når det var god høytørk, så var det ein slitsam jobb å vere på lemmen for å ta unna. Vi ungane måtte alltid vere med på dette arbeidet. Vi fikk jo lov med kvart til å hoppe i høystålet, og det syntest vi var artig. Men det var utanom arbeidstida, for då gjekk det hardt for seg. Det var ikkje tid til leik då.

 

Når det var høya i utmarka, så rodde mannfolka tidlig om morgonen og slo. Når kvinnfolka hadde mjølka og fått krettura i marka, så rodde dei òg inn i marka for å rake og hjelpe til med å stappe i høynøtene. Rakarane hadde med seg mat, og kaffi var kokt på primus. Då var det ei koselig matøkt ute i det fri som alle sette pris på. Vi var ikkje store ungane før vi måtte vere med i marka å hjelpe til, men vi likte dette. Vi syntest det var ei utflukt. Blei det ei lita fritid, så plukka vi blåbær og hadde med oss heim. Særlig i Revbergsvika var det så stor, søt blåbær.

 

 

Bildet er tatt foran huset på Myrneset søndag 16. august 1936, dagen etter bryllupet til Else og Sverre Halsnes.

Bak fra venstre: Kristine Hansen, Myrneset (bestemor til Ruth), Harda Johansen, Myrneset/Tromvika (mor til Ruth), Aslaug Karlsen, Rekvika (tante til Ruth), Else Halsnes, bruden (tante til Ruth), Jens Sørensen (halvt skjult, gift med Alette Sørensen), Sverre Halsnes, brudgommen, Alette Sørensen (datter til Kristine og Andreas, tante til Ruth), Anna Hansen og mannen hennes, Lorents Hansen, Myrneset (onkel til Ruth), med sønnen Konrad Myrnes, Ersfjordbotn, på armen.

Andre rekke fra venstre: Mikal Myrnes, Tromsø, bror til Konrad, Kristine (datter til Alette) , Olav Johansen, Tromvika (bror til Ruth), Leikny Hermansen, Rekvika (foran Olav, datter til Anna og Lorents), ukjent eller Einar ?, Bjarne Lauveng, Sommarøya, Olga Myrnes (bak hodet til Konrad), Hansine (datter til Gemma som er datter til Kristine og Andreas) og Mary Eidem, Sommarøya (med alpelue lengst til høyre).

Foran Konrad står Magnhild (med alpelue, datter til Olga Myrnes) og til høyre for henne står Henny (datter til Alette). Foto: Lånt av Ruth Pedersen, Rekvika.

 

Torving

Torvinga gjekk for seg på forsommaren sånn før Sankthans. Under gåing i marka var det blitt oppdaga at langt oppå Revberget var det nokre store myrer som viste seg å inneholde fin brenntorv. No blei det bygd ein stor skjå for å lagre torv i. Det blei sett opp ein firarstreng frå berget der torvskjåen stod og ned til fjæra. Materialen til skjåen var sikkert trekt opp på denne firarstrengen, forutan alt som var bore til veges på ryggen. Det var langt og bratt å gå opp til torvholene, og aldri gjekk vi tomhendt. Det var reiskapar, mat og drikke som skulle vere med for ein lang, tung arbeidsdag. Men det var deilig å sitte ute når det var fint solskinn å få seg mat. Det var jo tungt arbeid med torving. Først var det å stikke laus lump, ein stod og heiv opp på kanten av myra, så blei då disse lumpane trilla bort på berga der dei blei skorne opp med spade til passelige torveskiver som blei røyst til tørk. Dette arbeidet med torvskjering og røysing var det kvinnfolka og ungane som gjorde, dvs. dei ungane som var så store at dei kunne vere til hjelp i arbeidet. Oppå Revberget var det ein god tørkeplass, vi kunne ofte berre ta torva rett frå bakken og bere inn i skjåen. Sånt som var dårlig tørt, blei då sett i ruker for å ettertørkast. Det var ikkje berre å riste ut av sekken inn i skjåen. Nei, torva måtte stablast opp i fine lag, elles fikk ein jo ikkje plass til torva i skjåen. Så skulle torva stappast i sekkar, firast til fjæra og førast heim til Myrneset. Før mannfolka fôr på lofotfiske, var det  å føre heim så mykje torv som det var plass til i naustet. Men når det lei ut på vinteren, så minka det jo på brenslet, og då måtte kvinnfolka sjå seg ut ein godversdag for å fare etter torv. Var det skaresny, så rulla dei sekkane nedover berga. Det gjekk jo mykje seinare med firing. Slik var det på Myrneset, det skorta ikkje på arbeid verken for kvinnfolk eller mannfolk.

 

Veding

Veden som blei brukt til brensel, voks attmed landet heile vegen, og om haustane var det veda. Veden blei ført heim med båt. Vi kunne også hogge ved oppe på Dalbergan, i Prestjordlia og på Mellastykkjet. Denne veden blei dregen heim i veddroger om vinteren. Han blei røyst i skjul, noko ved naustet og noko ved fjøsen. (Det var forresten i vedskjulet ved juletider at eg i min barnslige fantasi satt og såg etter om englane skulle dale ned i skjul.) Om vårane blei noko av veden hogd mens veden løypte seg. Det var lett å få borken av veden då. Borken blei tørka på berga og brukt til å lage borkelåg av til barking (impregnering) av fiskegarna og laksenøtene. Når barkinga var ferdig, tok dei vare på borken, tørka han og brukte han til brensel.

     Det var mykje vedhogging i den tida. Nevra blei tredd på strengar eller teinar av greiner og tørka. Ho blei brukt til å tenne opp i omnane med. Borken som blei skava om vinteren, blei gjeven til krettura, og risveden blei brukt til å fyre under fjøsgryta med. Alt blei utnytta.

 

Vassbering

Vassbering var det mykje kvinnfolka som måtte ta seg av, og vi ungane hjelpte òg mykje til med å bere vatn, særlig til fjøsen. Der gjekk det jo med tynnevis av vatn. Om sommaren måtte vi hente alt matvatnet frå Storelva, for vatnet i elvhuset blei så stilleståande om sommaren. Dette vatnet blei sommars tid brukt til koppvask og golvvask.

 

Dyrehald og  fôrsanking

I fjøsen var det som regel seks nautkrettur og minst 20 småkrettur, sauer og geiter. Det var kokt løyping i fjøsen kvar dag, unntatt første juledag. Alt fjøsstell var det kvinnfolka som tok seg av. Mykje tang og tare var òg brukt til fôr til dyra. Tangen var skoren i nærheita, men det blei også rodd i tangfjæra. Tare måtte ein lengre veg for å hente. Det nærmaste var utmed Skamtindsteinen, utmed Bremneslandet, Risøya og Tennskjeret. Det var helst mannfolka som var med på tareskjering, men ho mor var også god til å skjere tare. Ho var også ein kløppar til å sigle - ein dugleik som var svært viktig sidan havet var kommunikasjonsmuligheita for folk på Myrneset.

 

 

Koselig vårbilde fra Rekvika antakelig tatt i 1962. Fra venstre: Aud-Kirsti Pedersen (datter til Ruth og Rangvald Pedersen, Rekvika), Svanfrid Pedersen (datter til Else og Birger Pedersen, Rekvika) og Ruth Pedersen, Rekvika, kilden til historien om Myrneset. Foto: Lånt av Ruth Pedersen, Rekvika.

 

Klesvask

Om sommaren når dyra var sleppte i marka, blei fjøsane rundvaska og brukte til klesvask og til bading. Den store løypingsgryta blei brukt til å koke kleda i og varme badevatnet i. Når kleda var vaska, blei dei borne til Storelva for å bli skylte. Kvitkleda blei lagde på bleik. Det var ei stor sletta inne ved elva der kleda blei lagt utovar. Ytterkleda og arbeidskleda blei lagde til tørk på steingjerdet. Det var berre dei lettaste kleda som blei tatt med heim og hengt på snora til tørk.

 

Om vinteren blei kleda vaska inne, enten på kjøkenet eller i gangen. Kleda blei skylt i havet først. Etterpå slo vi varmvatn over dei, og dei blei skylt og vridd før dei blei hengt opp, enten i naustet eller i bugangen. Nokre gongar hengte vi dei også i elvhuset når det ikkje var tørk ute. Vi hadde også banketre som vi banka kleda med under skyllinga, men det blei meir avlegs etter kvart.

 

Stryking av kleda

Kleda blei strokne med eit boltjern. Bolten blei lagt på gloa i omnen, og når han var varma slik at han var glødande, blei han tatt ut av omnen og lagt inn i jernet. Det er eit under at ein ikkje brente seg opp når ein heldt på med dette. Seinare fikk vi eit anna strykjern som blei varma oppå omnen. Dei kleda som ikkje trong stryking, blei lagt pent saman.

 

Bading

Om sommaren bada vi i fjøsen i ein stamp, men om vinteren bada vi i stampen på kjøkkenet eller i stua. Stua var ikkje noka stasrom. Ho blei brukt til arbeidsrom sidan det var så mange folk i huset. Det blei fyrt tre stader i huset: I kammerset hos onkel Lorentz, i kjøkkenet og i stua. Det trengtest mykje brensel, både torv og ved.

 

Ostekoking

Det blei kokt ost av geitmjølka nesten kvar dag om sommaren. Ho bestemor tok imot geiter frå fremmende også. Dei ”drog ho unna”, og mjølka blei fordelt slik at ein dag blei det kokt ost til folk på Sommarøya, ein dag til ho Hansina i Rekvika, ein dag til seg sjølv og ein dag til ho mor. Det blei bore mykje rottved heim til denne ostekokinga. Veden blei boren i bører og i sekkar. Det røynte på både nakke og skuldrer med all denne bæringa.

 

Sankthansfeiring

Sankthansaften var ein spesiell dag for oss ungane. Min barndoms sankthansaften står alltid for meg i godt ver. Vi ungane hadde i mange dagar i forvegen ruska lyng og bore saman brensel til sankthansbålet. Det hadde vi alltid oppe i bakken rett oppfor husa attmed Hullasteinen (Huldasteinen). Det var ein stor flat lysegrå, nesten kvit stein som var lett å klatre opp på. Oppå den flate steinen var det eit søkk, ei slags hola, og når det hadde regna, så stod det vatn der. Det var sagt at det var brynnen til hulla (huldra). Ein annan plass oppå steinen var det ei hola som såg ut mest som om ein stor hundpote hadde trødd der. Ja, det var sagt at det var hunden til huldra som hadde trødd på steinen. Det var nok bestefar som med sin gode og humoristiske fantasi som hadde fortelt denne historia om steinen. På nedsida av steinen var det ei fin lita sletta kor vi brukte å ha bålet. Der kosa vi oss med sankthansrøyk. Mor mi brukte å koke kakao og smøre gode brødskiver som ho kom opp til oss med, og gjerne kom nokon av dei vaksne opp i Bakken og var saman med oss ei stund. Bestemor kokte alltid ei stor gryta med rømmegraut som vi åt enten til middag eller kvelds. Det var alltid stas med sankthans. Då var alle husa rundvaska og reingjorde, og ein hadde ein lang sommar foran seg.

 

Å hente sløyka

Ved sankthanstider blei sløyka fullvaksen, og det var jo ein delikatesse. Dei vaksne kosa seg med seilever og feitt som dei hadde nedi sløyka og åt. Vi ungane, trur eg, kosa oss mest med turen for å hente heim sløyka. Sløyka voks i mossen attmed elvebredden. Vi henta sløyka oppmed Melladalbruna; ho blei boren ned i store bører på ryggen. Vi rodde òg inn til Annavika (Annjavika) og Torbeinelva og var og henta sløyka. Det var stor stas for oss ungane å få vere med på denne sløykehentinga. Gå ute i naturen er det koseligaste eg veit. Vi gjekk jo mykje i marka og plukka bær, noko til eige bruk, men òg til andre som ikkje hadde høve til å plukke sjølv. Meir som ei eska med bær var sendt til Sommarøya til slektningane våre. Der var det jo ikkje bærmark.

 

Skolegang

Det var mange barn som med åra voks opp på Myrneset, og dei skulle ha skolegang. Etter krinsinndelinga i kommunen så skulle Myrneset høre til Ersfjorden skolekrins. Ungane fikk skolehus, som det blei sagt, i Ersfjordbotn hos vennar og kjente folk av familien. Det kunne vere hardt for småe sju- åtteåringar å komme til fremmende og vere frå fjorten dagar eller tre veker, ja opptil ein månad i gongen heimanfrå. Det var nok mange tårar gråtne i løyndom av heimlengt. Men slik var det for oss alle som budde ute i fjorden. Vi hadde sengeklede med oss som var hos dei vi budde hos til skolen slutta om våren. Gangklede og undertøy måtte vi ha så mykje med av at det heldt for dei vekene skoleturen varte. Brød og pålegg hadde vi med heimanfrå, men middagsmat, kokmat som det var sagt, fikk vi hos dei vi budde hos. Nokre brukte å kjøpe gryn og mjøl for å legge til, og kjøtt kunne vere send med. Men far brukte alltid å betale med pengar dei vi budde hos, for middagsmaten, ein sum som han blei einig med dei vi budde hos om.

     Det var over ein times roing frå Myrneset til Ersfjorden. Det kunne ofte vere ein stri tur i landvind og frost å bli ført på skolen, og det var mange gongar kaldt for ein liten unge å sitje stille så lange vegar. Særlig var det kaldt på føtene sjølv om ein hadde nysenna komagar på seg. Når ein blei så pass stor at ein kunne ro, hjelpte ein til med roinga, og på den måten heldt ein seg varm. Likevel var det alltid godt å komme i varmt hus når vi var framme, enten det var i Ersfjorden eller heime.

     Sjølv om vi måtte bort frå heimen for å gå på skolen, så trur eg vi alle såg fram med spenning til å begynne på skolen. Vi fikk jo lære mykje, særlig syntest eg at historie og geografi var spennande lærdom. Dessutan fikk vi mange nye kameratar, så skoleåret gjekk nesten altfor fort. Småskolen, trur eg, var 10 veker for året og storskolen 12 veker då eg gjekk på skolen. Eg begynte på skolen hausten 1924 og gjekk ut frå skolen i 1931.

     Onkel Lorents søkte om å få sine barn til å gå på skolen i Rekvika, så dei gjekk der og budde då hos morfar sin.

 

Handarbeid

Om hausten når sauane var klipte, så var det å hente fram kardar og rokken, for no måtte det spinnast garn. Vi ungane fikk tidlig lære å karde og å spinne. Det var strømpegarn, sjyvottgarn - som måtte vere av ekstra mjuk og fin lang ull. Garn til lestar kunne ein bruke av grov ull, og så var det spunne masse garn til ibær. Det brukte ein til å veve tøy av. Det var vevd vånnmål til ytterbukser, det blei òg vevd tøy til underbukser og underskjorter. Då var renninga av bomullsgarn. Mor vevde også teppentrekk. Teppentrekk og handdukar blei vevd av bomullsgarn. Kvar einaste haust blei det vevd mange alen med ty. Mor vevde òg masse ty til andre som ikkje sjølv hadde slike forhold at dei kunne veve. Veven måtte alltid vere nedvevd til jul. Om sommaren vevde ho i bua. Vi ungane var sysselsette med å spøle, og det var no eit likandes arbeid, unntatt viss det blei vase på hespa. Då måtte nokre vaksne trø til med å greie opp.

 

Fritid

Men det var ikkje berre arbeid og slit. Vi hadde jo også kosestunder. Søndagane var det aldri gjort anna arbeid som det nødvendigaste: Stell av dyr og lage mat. Om formiddagen var det lese bibeltekstar for dagen, og vi song salmar og songar. Seinare når vi fikk radio, så hørte vi på Gudsteneste i radio. Vi var veldig glade i å synge, så det blei songe mykje under både arbeid og fritid. Det var både viser og åndelige songar. Vi hadde mange songbøker og mange handskrivne songar. Om vinteren når onkel Lorents var på Lofoten, så gjekk han mykje på Frelsesarmeen, og når han kom heim, så fikk vi alltid lære nye songar.

     Myrnesfolket har alltid vore glade i å lese. Vi heldt fleire aviser, blant anna ei osloavis som heitte ”Ukens nytt”. Det var lese høgt frå avisene og frå bøker. Far min og bestemor var gode høgtlesarar. Då satt dei vaksne med handarbeid på kvardagane når det var slike høgtlesingsstunder. Om vinteren kunne vi på fritida og i helgene spele brettspel. På ei stor, brei, slett trefjøl var det skore inn spelet mil, beleiring og sakko. Det var spel som mest dei vaksne spelte. Vi ungane spelte ludo, lugg og nokre lette kortspel. Om sommaren var vi jo mykje ute i marka og gjekk turar, leitte opp fuglereir og klatra på berg og steinar. Og så var det artig å leike med ”hollebåta” både nede i støa og inn i Storelva kor vi laga oss dammar. Å vere nede i støa og fiske mort var jo også eit spennande tidsfordriv. Sjølv om Myrneset var ein einslig plass i robåten sin tidsalder, så hadde vi rett så det var besøk. Garden låg jo der midt i leia. Når folk frå Øyan og Rekvika hadde ærend til Ersfjorden, og det hendte ofte, for folk tok snarvegen innover Eidan når dei skulle ein snartur til byen, så var det godt å legge opp på Myrneset for å kvile seg litt og å få seg ein kaffitår. Likeså når folk var på fjorden og fiska, då kom det rett som det var folk på land for å varme seg og å få seg mat og kaffi. Det var alltid eit gjestfritt hus. Fikk ein skjeldne fremmendfolk på besøk, og det var ei tid på året at vi hadde rømme, så var det kokt rømmegraut.

 

 

Myrneset 1971. Stedet ble fraflyttet høsten 1969 da Lorents Hansen med familie flytte til Ersfjordbotn og bygde nytt hus der. Huset til venstre er det gamle huset som er med på bildene fra 1920 – 30 årene. Det ble bygd noen år før 1915. Etter uværet 28. april 1915 ble huset reparert og påbygd, det fikk bl.a. skifer på taket. Det nye huset til høyre ble bygd midt på 1950-tallet av Lorents Hansen. I dag står fortsatt det nyeste bolighuset, fjøsen, naustet og den gamle bua som står bak gammelhuset. Bua er svært gammel og vernemyndighetene er inne i bildet for verne den. Foto: Jan A. Brox.

 

Gode grannar

Dei nære naboane våre var folket på Sandholmen, Sletta, Krokskaret og Skamtinden. Det var gode naboforhold, og dersom det var nokon som trengte hjelp med eit eller anna, så hjelpte ein til så sant det lot seg gjennomføre. Eit eksempel på dette var det når kyrne var avsinte om vinteren (dvs. dei hadde ikkje mjølk), og om nokre av naboane hadde ei tidligkalva ku eller kyr som mjølka på kalven, så var det å ta med mjølkespann til dei som ein visste var mjølkelause. Det var ikkje å gå på butikken å kjøpe pappmjølk den gongen. Folket på Skamtinden hadde vi mest omgang med. På sommarstid gjekk det an å gå til Skamtinden sjølv om det var ulendt terreng. Både ho Berntina og ho Mina på Skamtinden og gutane deira kom rett som det var gåande på besøk til oss. Ho Berntina hadde ofte bunding med seg som ho strikka på mens ho gjekk. Nøstet hadde ho i skjørtelommen. Fra Skamtinden var det ikkje så lang veg til Rekvika, så skamtindfolket var ofte der. Barna deira gjekk på skole i Rekvika, og dit kom jo posten, og dei tok alltid posten til Myrneset med seg dersom vi ikkje hadde vore sjølve i Rekvika. Meir som ein gong kom dei roande med posten til oss. Likedan tok vi posten til Skamtinden når vi var i Rekvika. På Skamtinden var det òg eit gjestfritt hus. Kom du på besøk til ho Lorentine, blei du mest fyrstelig mottatt, kvit duk på bordet, og ho tok på seg kvitt fangforklede og serverte kaffien på brett.

 

Utan bestefar

Men ein dag snudde bladet seg for oss alle. Bestefar Andreas var i sitt 79. år, men framleis i full vigør trass i alderen. Ein fin vårdag i mai 1936 fann han ut at han skulle hente noko ved som han hadde hogd tidligare på vinteren. Han var alt gått i båten og hadde sett seg då han ropte til mor, som var ute, at ho måtte komme med øksa til han, for han skulle hogge litt ved til. Mor var den siste som såg han i live og snakka med han. Far og Lorents var på Revberget etter torv, og då dei rodde forbi han på heimvegen innmed Spøttvikosen, heldt han på med å legge ved i båten. Då dei hadde lasta torva på land heime og fått seg mat, så syntest dei det blei lenge før bestefar kom, og Lorents rodde då for å sjå etter han. Båten låg framleis innmed landet kor han låg då dei rodde forbi, men bestefar låg i havet attmed båten. Han var død. Han var ikkje til nokon obduksjon, så kva dødsårsaka var, fikk vi aldri vite. Men trulig var det hjertestans, for det var ingen synlige merke på han at han skulle ha slått seg. Det blei ein forferdelig trist vår. Bestefar som hadde fortald oss så mange fine eventyr og forteljingar og ridd ranke med oss, var borte. Eg hadde jo hatt gleda av å ha fått arbeidd saman med han. Vore med han og drege lina, anddøvd når vi var og fiska, vore med han i vedmarka og meir til gjorde vi i lag. Det var ei gleda å vere saman med han. Han var alltid i godt humør denne arbeidets adelsmann. Eg var blitt 19 år og var hushjelp i Henrikvika hos lærar Finnseth då dette hendte. Eg fikk no i alle fall fri og var med og følgde han til grava. Han blei gravlagd ein godversdag på Hillesøy kjerkegard, og mange folk følgde han til grava. Livet måtte gå vidare på Myrneset sjølv om bestefar var borte.

 

 

Parti fra Myrneset 1971. På motsatt side av fjorden ses Bremneslandet med Bremnestinden, og neset som stikker fram av huset til høyre er neset hvor husene på Skamtinden står. Foto: Jan A. Brox.

 

Så kom krigen

I 1940 kom krigen, og mange ting skjedde. Sjølv på Myrneset som låg så utafor allfarveg, kom tyskarar og leitte etter radio og sendarar. Vi hadde jo sjølvsagt ingen slike ting. Onkel Lorents hadde radio, men han var innlevert.

 

Farvel Myrneset

Brørne mine var blitt vaksne no, så det var ikkje nokon framtidsplass for dei å bu på Myrneset, for her var jo så mange. No var Tromvika blitt eit fiskevær, og det blei til at far og mor og gutane kjøpte seg jord og bygde seg hus og flytta dit i 1945. Eg hadde gifta meg med Ragnvald Pedersen frå Rekvika, og vi bygde oss eit lite hus og flytta dit 14.2.1945. Men heimplassen Myrneset bur framleis i hjertet mitt. Ingen stad kan våren opplevast som der. Legge seg ein kveld på stueloftet med ope vindauge, kjenne dufta av nyutsprungen skog, høre vakker fuglesong, høre bekkesus og Storelva som brummar sitt ekko i bakgrunnen. Det må opplevast for å forstå kva for ein idyll det er.

 

Telefonen kjem,  men dei siste flyttar Sist i 1950-åra fikk dei telefon til Myrneset, for onkel Lorents og hans familie budde framleis her. Det blei bygd linje til Sandholmen kor det var fiskemottak og rorbuer, og det blei lagt kabel over til Myrneset slik at også dei på Skamtinden fikk telefon. Onkel Lorents hadde også fått seg ein liten motorbåt, men likevel blei det tungvint å bu på Myrneset der båten alltid var framkomstmidlet. Onkel Lorents og familien hans budde på Myrneset til hausten 1969. Då bygde dei seg hus i Ersfjorden og flytta dit.  Men det står gode hus på Myrneset enno, og plassen er i bruk kvar sommar medan laksesesongen varer. Før var det fleire gode laksesett frammed Myrneslandet. Sjølv om det ikkje bur folk på Myrneset i dag, så ligg denne idyllen frå min barndom der. Når fjorden ligg blank og fjella speglar seg i havet, kan du ingen stad venare sjå.

 

Uvêr på Myrneset

 

Av Ruth Pedersen, Rekvika, opphavlig frå Myrneset i Ersfjorden

 

I 1968 om våren var ho mor, Harda Johansen, f. 1891, her i besøk hos oss, og då fikk eg ho til å fortelje om den fryktelige uvêrsdagen 28. april 1915 då uvêret øydela nesten alle hus på Myrneset. Her skal eg skrive ned ordrett det som ho fortalte.

 

Fra tidlig om morranen blåste det sterk nordvest kuling som aukte til orkan. Bestemor (Kristine Lorentsdatter) var gått til fjøsen for å koke løypingsgryta, men bestefar (Andreas Hansen) kom og sa til ho at ho ikkje måtte ha varme i fjøsen. Då dem var ferdig med fjøsstellet, måtte dem gå ut gjennom ei lita dør som var mest som en nødutgang som var på øversia av fjøsen. Gangdøra holdte stormen på å bryte inn, så for den måtte dem sette ei stor vasstynna. (Else Halsnes, søster til mor, seier at det var ei sandtynna.) På veien frå fjøsen måtte mor  (Harda) sette seg i snøskavelen fleire gonger for stormen holdte på å sope både ho og melkebøttene avgårde. Då dem kom opp til stua og skulle gå inn, så kom stormen sopanes med taket av stua, som då var torvetak. Bestefar kunne nesten vore slådd i hel av steinen som låg oppå torva på taket. Dem kom seg no inn med melka, og ut å gjøre berging på torva at ikkje den blei spredd omkring. Dem hadde ei sval som gikk rundt huset på to sie, og ned i svalkråa var torvetaket hamna. Dem fikk då krølla ihop dette torvetaket og la stein oppå. No satt dem berre under opne trotaket, og regn og sjørokk hølja ned i stua, så dem måtte borre store hol i golvet så vatnet kunne renne ut. No begynte også veggen på kammersloftet å skulle brytes inn, men bestefar fant tak i nåkken store tømmerhaka som han brukte når han var borte på husbygging. Han fikk dem høgd inn i stokken og fikk sett dem fast slik at det ikkje blei så lett å få tak på for å bryte veggen inn.

 

Før dette hendte, hadde stormen tatt en gammel høylae som stod igjen etter Gerhart Jensen, Rekvika, som hadde bodd i mange år på Myrneset. Neste hus som blei tatt, var en skjå som stod attmed sommarfjøsen. Sommarfjøsen var ett godt tømra hus, så den greidde seg.

 

No reiv han taket av naustet og splintra det og fôr avgårde med alt som var laust. Men merkelig nok tokes ikkje båtan som var i naustet, dem var heilt uskadd. I naustet hadde dem oppbevart mange ting. Klea, sengklea, ull, skinn, garn – dem hadde blant anna spunne ibær (innslag) til en heil væv. Dessuten hadde jo bestefar garnbruk, linbruk, laksenøtter i naustet. Innpå Sennteien (myra under Haugen) var ei av laksenøterne hamna og blåst utover akkurat som den var sætt fra en båt av menneskehender. Garnhesper fant dem langt innover Holman (område mellom elvene innom Myrneset), og ei hauputa fant dem i toppen på ei stor buska innom Prestjordelva. En fell fant dem i havet, og en fans ikkje. Masse skinn var òg borte, og mesteparten av det ullgarnet dem fann, var øddelagt. Mor hadde ei ny vinterkåpa hengande i naustet, og den var det ei pussig hending med. I sin ville flukt i stormen var den tørna opp på ei bordfjøl av den gamle høylaen hans Gerhart Jensa. Bordfjøla var blitt ståanes fast i en snyskavel innpå Halsen. Der hong den etter hempa fast på en spiker akkurat som den skulle vore hengt der av folk.

 

Det siste som blei øddelagt på hus, var veggen på nordsia i svala, som blei brøtten inn. Der inne stod blant anna ett stort, grønt kråskap som nådde til taket. Det blei velta over. Der hadde dem mykje matvara, egg, smør og mange andre ting som blei øddelagt.

 

På ettermiddagen spakna det plutselig, og det blei så å sei stilla. Bestefar hadde sett nåkka som låg og rak innmed Rødsandrevva. Dem sette då ut båt og rodde først utover en tur, der fant dem utmed Tårnlia elleve nye planka. Og innmed Rødsandrevva fant dem ei kjempestor buska med rot.

 

Heile tia mens uvêret raste, hadde dæm ikkje kunna hatt varme i omnen. Aslaug (dotter til Kristine og Andreas) var ikkje to år endå, og bestemor hadde sotte og holdt ho på fanget innpakka i ett teppen.

 

Det var nok en hustrig dag og en skremmanes opplevelse dem hadde hatt den 28. april 1915. Då mor slutta fortellinga, så rant tåran nedover kinnan på ho, og så sa ho: ”Ja, æ har sett Guds allmakt!”